Mange moglegheiter for ungdomane i Kampsportforbundet


Norges Kampsportforbund ønskjer å satse på ungdom; dei er tross alt framtida i norsk kampsport. Vi har denne våren fleire aktivitetar retta mot dei unge.

Lederkurs for ungdom 2020

I år som tidlegare år vil Norges Kampsportforbund arrangere Lederkurs for ungdom. Dette skjer på Gardermoen 7.-9. februar, og med oppfølgingssamling 20.-21. mars.

Informasjon om kurset finn de på kampsport.no; https://kampsport.no/forbund/norges-kampsportforbund-arrangera-leiarkurs-ungdom-2019/.

950 000 kr til ungdomsprosjekt

I haust fekk Norges Kampsport tildel 950 000 kr til eit ungdomsporsjekt som skal gjennomførast i 2020. Les om dette prosjektet på våre nettsider: https://kampsport.no/forbund/soknadsskjema-til-ungt-engasjement-ung-frivillig/

Ungdomstinget 2020

Eg vil nytte høvet til å nemne at Kampsportforbundet skal gjennomføre det fyrste Ungdomstinget i historia, 21.-22. mars. Ungdomskomitéen har eksistert i litt over eit år, og gjennomføre det fyrste ordinære tinget i 2020. I samband med Ungdomstinget vil vi også arrangere ei nettverkssamling med fagleg påfyll. Her håpar vi ungdomar mellom 15 og 25 år deltek. Informasjon om dette finne de på kampsport.no.

Ta kontakt dersom de har spørsmål; kristiane.brown@kampsport.no


55 visninger

© 2017 Stavanger Ju Jitsu Klubb

  • Facebook Social Icon